Undertonar

Vågar meg inn i ein ny tekst
opnar sansane
les, lyttar, tolkar
les på nytt og
på nytt
kjenner orda smyga inn til meg
inn i meg

søkjer etter
undertonar
dei som fortel om alt
som ikkje står der
som berre er der
som penslar orda med
meiningsfargar

sæle er stundene
når undertonar fyller
livsakkordane
med bivrande klangar.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *