Stikkordarkiv: vibrera

Idyll

Me har lett for å lika
idyll,
kanskje treng me det,
i alle fall
vil me det

det er so velgjerande å
ta inn over seg
slikt som stryk kjærleg
over ryggen,
som får hjarterøter
til å vibrera,
som fyller sjølvkjensla
med frisk luft

alt elende i Dagsrevyen
og andre stader
får venta,
fyrst skal idyllen
smørja tankar og kjensler
med ein dose velvære

elendet kan andre
ta seg av,
me trivst best
i idyllen.

Ord-dropar

Ord-dropar
renn utover papiret;
dei fleste turkar inn,
etterlet seg knapt
eit merke.
Nokre lagar
stygge flekkar,
hadde nok urein blanding.
Andre ser bjarte ut
eit lite bel;
misser likevel glansen
etter ei tid.
Nokre yttarst få
dropar
smyg seg inn
i papiret,
lagar ei lita verd
for seg sjølv,
vert ståande
med varmande glans,
får ørsmå,
vare strenger
til å vibrera
hjå dei som
låner nyfikne augo
til drope-avtrykk
som varer.