To benker har funne plass
i hagekroken,
står der tome og
forventningsfulle,
ventar på kroppar som
skal kroa seg med drøs
og ein kaffikopp,
ventar på nokon
som treng kvile
varme sommardagar,
står der som
lovande vårteiknskulpturar.
Vårteikn
Legg igjen en kommentar