I spegelen bak deg
ser eg ein eg kjenner,
meir som ein sylvrev,
lett for å få tankefulle nyver
mellom augo,
smilen kan òg liggja
på lur,
særleg når du
deler varmen
i din smil.
I spegelen bak deg
Legg igjen en kommentar
I spegelen bak deg
ser eg ein eg kjenner,
meir som ein sylvrev,
lett for å få tankefulle nyver
mellom augo,
smilen kan òg liggja
på lur,
særleg når du
deler varmen
i din smil.
Hengjande frå takskjegget
kjenner ein istapp
korleis februarsola smeikjer
den stivfrosne kroppen;
solvarmen pressar fram
ein vesal vassdrope
som fell ned på
steinhella;
dropen teiknar eit våtmerke,
kviskrar om nytt
liv;
det kjem fleire dropar,
snart sildrar ein liten
livgjevande straum
ned på steinhella,
lagar ein blank, levande
vasspytt.
På skuggesida
høyrer andre istappar
korleis sola skaper
frosten om til
vatn og liv;
dei òg stundar etter
varme,
men må nok venta;
sola tek den tida
ho tek;
slikt veit
den som ventar.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.