So skjedde det
nok ein gong,
umerkande vart den lengste dagen i året
fortid,
eg prisar alle dei dagane
som umerkande
glid over i kvarandre,
grunnmursdagane,
utan dei
hadde me ikkje lagt merke til
dei dagane
når somt
er annleis.
Stikkordarkiv: umerkande
Små augneblinkar
Legg igjen en kommentar
Det er råd å samla på
små augneblinkar,
solglyttar gjennom
skyene,
kvitring frå fuglar om
våren,
klukking av vårkåte
bekker,
synet av dei første sjnofjonene som
lyser opp seinhausten,
smilen frå kassadama
på butikken,
ein kort nikk frå kjenningen
i gata,
tonane frå ein dyktig
gatemusikant,
synet av eit ungt par som berre
ser kvarandre,
glade barnerøyster på veg
inn i livet,
vage minnebilete om alt som
kunne ha vorte, men som
smatt ut i ingenting
alle desse små, umerkande
stundene som
kjedar seg saman
til eit liv
små, små augneblinkar.