Stikkordarkiv: togreise

Alt eg ikkje vil vita

Togreiser er velsigna enkelt for dei av oss som er so heldige å bu langs ei jarnbanestrekkje. Det er berre å setja seg inn og la seg frakta til reisemålet. Sutalaust og kostnadseffektivt no når skrotten vert frakta for halv pris.

Det er berre ei ulempe av og til. Det hender at unge jenter (beklagar, men min empiri omfattar berre jenter) som på død og liv skal bruka telefonen til å fortelja om intime delar av livet sitt til nokon andre. Det kunne sikkert ha vore greitt dersom dei hadde dempa stemma si og kanskje halde seg litt for munnen slik at alle dei detaljerte orda hadde gått inn i telefonen. Men nei, her er stundom volum og intensitet på eit nivå som får ein til å lura på om ikkje bodskapen hadde nådd fram utan å bruka telefonen.

So sit ein der og vert dynka i ord og detaljar om kor hjelpelaus eller kor himmelsk ein stakkars gutlark har vore på festen her om dagen. Febrilsk finn ein fram øyreproppar og NRK P2 på telefonen for å freista stengja ute det ordgytande intimitetstyranniet. Det hjelper berre so lite. Her måtte ein ha hatt høyreklokker med innebygd DAB-radio og mega-bass for å sleppa unna.

Slike gonger kan ein lura på kva realitetsorientering desse personane har. Kanskje trur dei at dei lever på ein eigen planet der det ikkje finst andre skapningar. Kanskje trur dei at medpassasjerane er skuggar som korkje høyrer eller ser. Eller kanskje bryr dei seg katten i alle som er rundt. Det viktige er at dei får snakka ut der og då. Ikkje veit eg.

Resultatet er i alle fall at me som er utstyrte med ørlite skjemmevit, kjenner oss verbalt invaderte av intimitetsdetaljar som ingen av oss vil vita. Tenk om det kunne ha vore ein app som kunne fjernstyra og slå av telefonane til slike som ikkje kan la vera å dela alle detaljane i liva sine med omverda. I gamle dagar fanst det, i alle fall i austblokklanda, støysendarar som blokkerte radiosignal som ikkje skulle nå fram til innbyggjarane. La oss få ein støysendar-app som kan fri oss frå intimitetstyranni i mobiltelefonverda.

Share

Togstasjonar

Livstoget tek seg fram
på skinnegangen,
duvar framover i fast rytme,
møter stendig
nye stasjonar,
passerer dei fleste,
det høver ikkje alltid å
stansa.

Ei hende gong
stoppar toget utanfor
stasjonen,
teknisk feil,
heiter det,
lèt seg ordna,
seiest det og
toget rullar
vidare.

Ein kunst, dette
å stansa ved dei
rette stasjonane,
å køyra forbi dei
med fargerik fasade,
men tome for innhald,
å sansa kvar du møter
det som gjev togreisa
innhald og meining.

Toget går og går,
ein stad der framme
ventar endestasjonen,
ingen veit kvar og når,
berre at stasjonen
finst.

Livstoget går og
går …

Share