Stikkordarkiv: svertekampanjar

Sanningsforvaltarar

Me møter dei stundom, desse personane som kan alt, som har meiningar om alt og som sjølvsagt helst må bestemma alt. Me finn dei i politikken, og dei valsar rundt i yrkeslivet. Heldigvis ikkje so mange av dei, men dei lèt seg merka. Dei meiner at eigne synspunkt er å rekna som sanning. Eg kallar dei difor sanningsforvaltarar, for å forenkla litt. Dei må t.d. bestemma når møte skal haldast slik at det skal passa inn i deira planar. Dei definerer grunnlaget for diskusjonar og må ha det siste ordet. Dei snakkar lett om skandalar når noko ikkje samsvarer med deira oppfatning. Dei vert lett såra dersom nokon skulle finna på å meina noko anna enn dei, for ikkje å snakka om dersom nokon skulle våga å protestera. I slike stunder har dei ei eineståande evne til å spela offer, dei kjenner seg krenkte og utsette for svertekampanjar. I all fall mistyder omverda dei. Desse umistelege, unike eksemplara av manneætta er utpeikte av si eiga høge makt til å forvalta sanninga.

Det må vera slitsamt å forvalta sanninga, spesielt i vår tid der me druknar kvar einaste dag i informasjon og alternative sanningar. Alternativ må truleg vera eit ord som sanningsforvaltarane helst vil sletta frå språket og frå ordbøkene. Det same gjeld sikkert den store mengda grånyansar som øydelegg den naturskapte oppdelinga i svart og kvitt. Det skal ikkje vera bra å misunna nokon. Likevel må eg vedgå at eg stundom misunner den suverene oppførselen hjå dei som veit alt, dei som svevar på skyer av sjølvtrygg innsikt, ofte tufta på mangelfull kunnskap.

Det finst ulike typar sanningsforvaltarar. Me har desse som alltid ser kva som skal gjerast og som er sikre på at jau, slik vil det gå. Når det då viser seg at det kanskje ikkje gjekk slik som sanningsforvaltaren var sikker på, er det sjølvsagt ein eller annan dumskalle som har gjort noko anna enn det som var meininga. Han eller ho har mistydd eller på annan måte øydelagt heile sanningsvegen fram til det resultatet som ville ha vore annleis berre alle hadde forstått og gjort slik som sanningsforvaltaren hadde tenkt. So har me den som alltid veit best, etterpå. Som heilt frå fyrste stund har sett at dette burde ha vore gjort på ein heilt annan måte. Problemet var berre at ingen ville høyra på han/henne, sjølv om han/ho hadde ymta frampå, eller i alle fall hadde tenkt det, med seg sjølv. Dette er den lysande riddaren av etterpåklokskap, den høgaste forma for sanning og kunnskap.

Nokon kvar har vel forsøkt å prakka eigne synspunkt på andre i von om å kunna overtala dei. Det høyrer til både i yrkesliv og i privatsfæren. Likevel når dei færraste av oss opp i elitedivisjonen for sanningsforvaltarar; heldigvis. Me vandrar stort sett rundt på vår måte; eigenleg på mange ulike måtar. Me prøver å orientera oss so godt det lèt seg gjera. Går stundom i ring, stundom to steg fram og so 10 steg attende. Høyrer litt på den eine og litt meir på den andre; finn i grunnen mykje fornuft både hjå den eine og den andre. Tvilar oss fram i livet, landar på ein konklusjon her og ein annan der. Uansett, me ruslar av garde på ulike vegar; alle har me retning mot den same endestasjonen. Innimellom møter me desse sanningsforvaltarane. Er me heldige, kan me finna oss eit ærend i grøfta i von om at sanningsforvaltaren overser oss. Enno er det slik at me er i fleirtal, me som ikkje eingong har meldt oss opp til eksamen i sanningsforvaltning. Det er i grunnen greitt.