Eg vert litt matt
i ein kvardag
der det fløymer mot meg
lygn, spitord
og forteljingar om at
den sterkaste med
vond vilje
har rett til å styra verda,
bør fjerna dei som
er so dumme at dei trur
at menneskja eigentleg
vil vera gode.
Eg gjekk på skulen
den tida då det heitte
at me skulle verta
«gagns menneske»;
ingen høyrer slike ord lenger,
styrke, kraft og egoistisk makt
er det som skal til for å skapa
eit samfunn
for dei sterkaste,
dei godlynte har ingen plass,
dei er til heft og hindrar
at dei rette menneska
kan styra
slik dei kan og bør.
Skulle gjerne ha vore
den fuglen som sit der ute
på kvisten og prøver
seg med litt tidleg kvitring,
inni seg kjenner han
at det kjem ein ny vår,
slik det alltid har gjort,
somme gonger må det vera godt
å ikkje vita meir.