Toeine strøyr dei
steg over golvet
stundom fjonlette, dansande steg
stundom raske, klakkande hælar
stundom faste, golvnære steg
i kvart steg høyrest
ei soge om to
som finn kvardagsglede i
å trø stega
saman.
Toeine strøyr dei
steg over golvet
stundom fjonlette, dansande steg
stundom raske, klakkande hælar
stundom faste, golvnære steg
i kvart steg høyrest
ei soge om to
som finn kvardagsglede i
å trø stega
saman.
I huset høyrest
kvardagssteg i trappa,
stega søkjer seg fram
i gangar og rom
hender legg seg
rundt dørhandtak,
dører går opp,
dører går att
det er berre
mine steg,
det er berre
mine hender,
det er berre meg
no
– men berre er meir
enn ingenting.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.