Stikkordarkiv: sommarvarm

Bestemorstrappa

Det sit ein liten kar
på bestemorstrappa,
fingrane smyg raud rips
inn i munnen,
med augo fylgjer han
bestemorsfingrar,
som plukkar raude ripsbær
i tome rjomeboksar,
sommarsola rullar doven attom
åskanten,
ein liten kar sukkar småtrøytt,
kjenner at ein varm sommarkveld
på bestemorstrappa med rips i munnen
fyller eit ungt karaliv
med ripsraud lukke.