Eg såg at
du såg meg,
skimta eit lite glimt
i augo dine,
ante den varme smilen,
som berre er
din
eller var det augo
mine
som so gjerne ville
at du såg meg?
Eg ser deg
kvar dag.
Eg såg at
du såg meg,
skimta eit lite glimt
i augo dine,
ante den varme smilen,
som berre er
din
eller var det augo
mine
som so gjerne ville
at du såg meg?
Eg ser deg
kvar dag.
Bak den grå kvardagsfasaden
med låge skyer, sludd og
gråkaldt vinddrag
bankar det same hjarta
som den bjarte sommardagen
opna seg for
ein strålande smil
frå eit inkluderande
medmenneske;
det er det same hjarta
som forstår
at gode kvardagar
bryr seg ikkje
om fasaden.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.