Bleik vintersol
snik seg bak
åsar og fjell,
ljoset svinn,
litt etter litt,
stovekrokane myrknar.
Omnselden lyser
alt sterkare,
einsleg smeikjer han
myrke skumringsarmar
som omfamnar
ein svinnande dag,
blafrar fram
eit bod om
at den heldige
kan få vakna
til ein ny dag
med soloppgang.