Stikkordarkiv: skodde

Berre ord

Strevar litt
dei enkle orda,
dei som berre er
ord,
vanskeleg å trengja seg fram
mellom alt det glorete
som legg skodde over oppfatningsevna

minnest med nostalgiske overtonar
augneblinkar der ord
skapte indre bilete,
bilete som ingen filmskapar
nokon gong maktar
å mana fram

ein hende gong
maktar enkle ord å trengja inn
som berre ord,
Olav, Hans og Jon
evnar å skapa slike ord.

Skodda

I skodda er det
lett å gå
i ring,
gå seg vill,
surra rundt
i ei bakevje
med blikket fest
mot eige sentrum

i skodda er det
lett å gøyma seg,
dyrka alt som er
vanskeleg,
gjera meiningsløysa
meiningsfull,
lata skoddedottane
fylla kvardagane
med bomullsinnhald

er ein heldig,
kjem det vind og
solljos,
ei varleg hand som
med fast grep lyfter
hovudet opp mot sola,
får ein til å
kjenna vårvarme
strøyma gjennom skoddefast
kropp

skodda er ein tvilsam
fylgjesvein.