Haustsol fyller augo
med blendande ljos,
tilværet svinn inn i
ein konturlaus
loge,
eit skrukkete kinn
kjenner ein svak varme
medan skrotten prøver
å flytta seg inn i ein
skuggefull haustkrok.
Blendande haustsol
er ikkje noko for
vanlege folk,
ho skamfèr
den grå og trygge
kvardagen.