Stikkordarkiv: setja pris på

Stivna liv

Dei heng der,
klamrar seg til
bergveggen,
dei frosne istappane,

frosten har nytta seg av
ein regnrik haust og
forma isunivers
oppetter berg og hamrar,

i går var istappane sildrande
vasstrimer,
i dag sit dei
fastfrosne på berget
i underlege formasjonar,

kjem det ikkje ei kakelinne
om litt,
må dei kanskje venta til
februarsola kjem
før det stivna livet
nok ein gong
kan skapast om
til livgjevande væte

det er mange grunnar
til å setja pris på
februarsola.

Share

Fjas

Det er mykje eg ikkje likar og
set pris på,
eg kallar det fjas,
men mitt fjas er truleg ikkje
likt ditt fjas,
kanskje er mitt fjas
til og med
noko du likar og
set pris på,
slik fjasar me rundt
i ulike
fjaslandskap,

fjas kan ikkje plukkast
som eple om hausten,
fjas skaper me inne i oss,
kvar dag, heile tida,
heilt fjasfritt vil me heller
ikkje ha det,
fjaset trengst for
å kunna sola seg i
eigen klokskap.

Det burde lagast ein
eigen fjasdag.

Share