Eit menneske gjekk forbi,
lét etter seg
fotefar i sand,
ei dønning seinare
finst dei ikkje.
Fotefar i sand
Legg igjen en kommentar
Inst på låven
står han,
spaden,
reiskap til å grava og moka med,
samansett av eit blad og eit skaft,
– seier ordboka.
Med omfattande graverøynsle
står han der,
spaden,
hugsar mang ei stund
der han grov i aur og
sand,
stundom i jord og
skit,
hugsar når
gravaren stødde seg,
trøytt og lei,
hugsar når
gravaren slengde han i frå seg,
fresande illsint.
Utan å ana det,
står han der,
spaden,
som sentrum
i politiske ordskifte,
som vitnemål om faktum og
sanning,
ja, til og med
som gudsens sanning,
om slikt finst.
Eit enkelt blad med skaft på,
berre ein spade.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.