I dag ville eg
snakka med eit menneske,
ikkje berre senda
bokstavar,
eg ville bruka varmen
i røysta,
forma ord med munnen,
bruka ordkombinasjonar og
setningsmelodi,
lata det sagde ordet
gli varleg inn
i røynda til eit
anna menneske.
I dag snakka eg med eit medmenneske.