Det er nok store sjansar for at du som les, ikkje utan vidare veit kva ein magnetofon er. Ei anna nemning er bandopptakar, og då sviv det vel assosiasjonar for dei fleste. Som felespelar var far svært interessert i folkemusikk. For å kunna ta opp sendingar i Folkemusikkhalvtimen, kjøpte far ein bandopptakar. Han må ha skaffa seg opptakaren i 1956, for dei eldste opptaka er frå det året. Det gruse apparatet var laga av Radionette. Det var nokre få andre i grannelaget som hadde kjøpt bandopptakarar tidlegare, og dei hadde ein litt dyrare versjon frå Tandberg.
Bandopptakaren er eit lite møbel i seg sjølv, kledd i mahognimaterial. Far kjøpte eit eige kabinett, det også i mahogni. Når me opnar framdøra, kjem bandopptakaren, som står på ei hylle, ut av kabinettet, klar for bruk. Med kabel kunne apparatet koplast til radioen, og dermed kunne far ta opp musikksendingar frå NRK. Han måtte kjøpa eigne opptaksband. Det var viktig at det var plass til mykje musikk på kvart band, for dei var etter måten dyre. Det står 25 kr på dei eldste banda. Etter kvart fekk far eit lite, privat opptaksarkiv frå Folkemusikkhalvtimen. Ei hende gong gjorde han opptak av gjestande spelemenn, men berre nokre får gonger av seg sjølv. På 1970-talet skaffa han seg stereoanlegg med kassettspelar, og då vart Radionette-spelaren berre brukt til å spela av dei gamle spolebanda.
Sjølv hadde eg glede av bandspelaren på mange måtar. Eg hugsa ein gong då eg var heime frå skulen med influensa. Eg fekk liggja på sofaen i stova, og brått kom det eit program med trekkspelaren Carl Jularbo i radioen. Eg bykste til, sette på bandspelaren og sikra meg mange Jularbo-slåttar. Dei var gode å ha for ein begynnande trekkspelar, som var ukunnig i notar, og som berre spelte på gehør.
Bandopptakaren kunne ogso fungera som forsterkar, på det viset som var. Eg hugsar ei samkome i ungdomslaget på Lofthus vinteren 1961. Det var ein av dei fyrste gongene den seinare operasongaren Arild Helleland opptredde. Han og Åshild Helleland spelte gitar og song «En liten leilighet, et lite sted å bo, det ville vi så gjerne ha…». Dei klemde seg saman framfor den vesle, runde mikrofonen som fylgde med bandopptakaren, og ut av den vesle høgtalaren på opptakaren kom det sjarmerande barnesong som gjorde stor lukke hjå forsamlinga. Sannsynlegvis var det heilt uturvande å bruka mikrofon, men det såg sikkert tøft ut.
I dag er denne Radionette bandopptakaren fyrst og fremst ein nostalgisk knagg for systrene mine og meg sjølv; eit minne om ein far som tidleg tok i bruk forbrukarelektronikk for å å kunna dyrka musikkinteressa si. Samstundes er bandopptakren eit konkret minne frå ei industritid då norske produkt frå Radionette og Tandberg gjorde seg sterkt gjeldande i ein veksande marknad for elektroniske produkt. Dei representerte starten på ei rivande teknologiutvikling som i dag gjer det mogeleg for oss å strøyma musikk frå all verda når som helst og bokstavleg talt kvar som helst. Det er ikkje lenger nødvendig å rigga til ein bandopptakar, korkje for å ta opp musikk, eller for å spela musikk. Om me vil, kan me ha tilgang til musikk heile tida. Eg trur likevel at eg held ein knapp på den gamle tida, om ikkje anna so for å fargeleggja eit veksande nostalgisk minnerom.