Stikkordarkiv: peis

Hausten

Hauststemning på Maihaugen

Hauststemning på Maihaugen, Lillehammer

Det finst allereie ei mengd tekstar om hausten. Slik sett er denne teksten heilt unødvendig. Likevel, det er bloggarens privilegium å gjera nett som han vil. Difor vil eg  òg skriva ein tekst om hausten, den årstida eg trivst best med. Det heng sikkert saman med at eg er haustbarn. I alle fall likar eg å tru at det er ein samanheng.

Mange eg kjenner, tykkjer hausten er tung og trist. Dei hustrar i den skarpe haustlufta og tenkjer med vemod attende på sommaren som var. Dei lengtar etter å verta ferdige med hausten og drøymer seg framover i tid, til ein ny vår og ein ny sommar. Det er so tungt og mørkt om hausten, hevdar dei.

For all del, eg tvilar ikkje på opplevingane til andre. Men for meg er hausten tryggleiksårstida. Det annsame sommarlivet har stilna. Naturen går litt etter litt inn i dvale. Med små sukk breier han over seg ei lunande dyne av mørker.

Frå barndomen hugsar eg den spesielle stemninga i frukthagane når dei siste epla var henta. Bladverket på epletrea fortalde for all verda at no hadde dei gjort seg ferdige for denne gongen. Den falma grønfargen vart litt etter litt skifta ut med meir brikjande fargar før lauva sa takk for seg og fann kvile på marka. Det låg ein dåm av avslutning over alle trea. Litt seinare på hausten strøymde lukta av nyrøykt smalakjøt gjennom huset og varsla om komande sundagsmiddagar med ryggjakjøt og sidekjøt, eller pinnakjøt, som mange seier i dag.

Hausten er tid for ettertanken, for den delen av livet der ting kan ta tid, utan at det skaper dårleg samvit. Hausten gjev arbeidsro. Det er mørkt når du legg deg og mørkt når du står opp. Du kan konsentrera deg om det du held på med, utan at det kjem ei mengd ytre inntrykk som prøver å ta merksemda.

Haust er tida for togn og stille. Tagale stunder er undervurderte. Eg har aldri forstått dei som mistrivst når det vert stilt rundt dei. For meg er stille stunder å rekna som feststunder. Haust er tida for samhandling med dei gode bøkene. I barndomen opna folkeboksamlinga litt utpå hausten. Sundag ettermiddag var det tid for å låna nye og spennande bøker, der ein kunne smyga inn i andre univers.

Haust er tida for geitestir på brennande bjørkeved i omn eller peis. Det er tanke-reinsande å drukna synsinntrykket i brennande logar som trakterer bjørkeveden, smeikjande og glefsande på same tid. Blanda med ein liten dose melankoli kan geitastirstunder framfor omnen vera reine sjelelaug.

Jau då, hausten er òg tid for regn og rusk, snjoslaps og vanskelege køyretilhøve på fjellovergangar. Me må pyltra på oss ekstra klede for å sleppa å frysa. Slikt tek eg gjerne med på kjøpet, for hausten er også det fyrste, trivlande møtet med den skarpe, men reine vinterkulden. Seinhaustes kan me oppleva at fjonlette snjoflak  legg seg over landskapet med bod om den kalde, reinsande vinteren, då me på eit vis startar litt på nytt. Denne blandinga av avslutning og ny start gjer hausten til ei lun hamn for somme av oss. Psykologiseringa av oss haustmenneske overlet eg trygt til andre. Hausttrivnaden er i alle fall ein realitet.