No ventar eg berre på at nokon vil starta eit nytt parti, og det skal heita «Seg sjølv nok». Det trengst eit parti som reindyrkar tankegodset til den veksande flokken som vil vera seg sjølve nok. Eg tenkjer på alle dei som med menneskerettane i eine handa og ytringsfridom i den andre, proklamerer at dei må få lov til å gjera det som er best for dei. Med sjølvsikker mine ber dei hittfolket la vera å blanda seg inn. Dessutan må omverda bruka vitet sitt og forstå at det som er best for «seg sjølv nok»-folket, sjølvsagt er best for alle andre. Å vera seg sjølv nok inneber at at ein har forstått samanhengar i samfunnet på ein heilt eigen og udiskutabel måte. Å tvila på det er det same som å krenkja «seg sjølv nok»-folket. Det å krenkja dei utvalde, dei som forstår meir enn alle andre, det kan likestillast med religiøs synd. For vanlege heidningar betyr det kanskje ikkje så mykje, men for dei krenkte har kjenslene religiøse overtonar.
Nokre andre politiske parti er innom grunnideane for å vera seg sjølv nok. Men dei har so mange andre omsyn dei vil ta, at dei er heller utvatna i eit «seg sjølv nok»-perspektiv. Det er på tide at nokon samlar seg om dei enkle og sjølvsagde grunntankane om at dersom alle får gjera slik som dei sjølve vil, treng det ikkje verta noko mas om fellesskap og at ein skal tenkja på og ta omsyn til alle andre. Dersom alle konsentrerte seg om seg sjølve, då ville samfunnet utvikla seg i rett lei. Denne Trump-karen har forstått det. Når han kunne verta president i det mektigaste landet, bør det vera voner om at det dukkar opp liknande figurar som veit å setja «seg sjølv nok-politikk» ut i livet. I mellomtida får me trøysta oss med den litterære utgåva i «Peer Gynt».