Og so er det slik at
her i Sørfjorden går
bakkane bratt oppover;
samstundes er det klart
at dei går bratt nedover òg.
Slikt kan gje både
vidsyn og tvisyn
på livet,
om ein vil.
Og so er det slik at
Legg igjen en kommentar
Og so er det slik at
her i Sørfjorden går
bakkane bratt oppover;
samstundes er det klart
at dei går bratt nedover òg.
Slikt kan gje både
vidsyn og tvisyn
på livet,
om ein vil.
Ei sta fure klamrar seg fast
i ei bergskorte.
For lenge sidan,
på ein ukjend dag
fekk eit frø
festa seg i ei skorte,
fekk nok næring
til eit karrig fureliv,
strekte seg oppover,
stendig oppover mot ein
unåande himmel
Er litt turr og glisen no,
furetoppen,
der han bikkar
nedover,
kjenner nok at
rotfestet og krafta
minkar.
Enno ei stund må likevel
ungbjørkene senda lange blikk
opp mot toppen
av ei sta fure
i ei bergskorte.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.