Stikkordarkiv: oppdatert

Telefonen ringde ikkje

So sit dei der,
alle som håpa på
at telefonen skulle ringja,
nyopplada, oppdatert med
alle appar,
låg telefonen der på bordet
og venta på at
det skulle ringja,
eigaren veik ikkje frå
denne tingesten som
kunne vera navlestrengen til
framtida,
øyro var på stilkar,
medan tankane gjekk gjennom
svara som skulle gjevast
når telefonen ringde.

Dagen etter var telefonen like daud,
ingen hadde ringt,
ikkje denne gongen heller,
no kunne ein lesa i media
kven telefonen hadde ringt hjå.

Oppdatert

No har det heile eskalert:
får stendig meldingar om
å vera oppdatert
på telefon, pc og nettbrett,
eg må passa på
å ikkje vera utdatert
elles kjem virus krypande,
det er heilt utstudert.

Og ikkje nok med det:
merkelege meldingar
med tilbod om date,
til og med når eg nett
er oppdatert,
ikkje å undrast på at eg
kan kjenna meg både
nedskalert og litt
maltraktert,
der eg surrar i veg
for å halda meg
oppdatert.