Du kan gjerne vera
ingenting
i deg sjølv
so lenge du er
nokon
for andre.
Mange nok er dei
som er store
i seg sjølve,
men som gløymer at
det trengst andre
for å vera
nokon.
Å vera nokon
Legg igjen en kommentar
Du kan gjerne vera
ingenting
i deg sjølv
so lenge du er
nokon
for andre.
Mange nok er dei
som er store
i seg sjølve,
men som gløymer at
det trengst andre
for å vera
nokon.
Kvifor –
eit ord som
uroar,
krev stadig
nye svar,
driv tanken
framover,
borar seg gjennom
ordflaumar,
gjer blikk
usikre,
får fram
den sarkastiske
smilen,
er ordvåpenet
som vinn i
intellektuell kamp
Kvifor –
eit lagleg ord
for grublande sjeler
som vil verja seg
mot sansestunder
der livet berre
er,
her og no.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.