Stikkordarkiv: nynorsk

Tenk å vera sikker

Tenk å vera sikker
eit ørlite sekund,
tenk å heva røysta,
berre for ei stund.

Tenk å spikra sanning fast
på allmenn meiningsvegg,
tenk å senda tvilen bort
som ein skarve, liten klegg,

Nei, tvilen vil ‘kje bøya seg
det minste, vesle grann,
han borar fritt og freidig,
syg mergen or ein mann.

Han smyg seg inn i tankane,
veit godt kvar han skal slå,
sikker på å sigra,
slik brukar det å gå.

Best å taka tvilen med,
gjer kvardagen so trygg,
då kan ein gjerne attra seg
og liggja stilt på rygg.

Pingvinar og slikt

pingvinar Ja, visst var det ille at russen braut seg inn til inngjerda pingvinar i Ålesund. Etter 13 års skulegang burde dei ha visst at stressa pingvinungar ikkje er i stand til å klara seg i den barske naturen i Ålesund-traktene.  I gamle dagar ville me ha kalla slikt ferdalag for toskeskap. Eg trur me brukar same merkelappen i dag også på slik vitlaus åtferd.

Dei er so lette å verta glade i, desse pingvinane; litt like menneske, men berre litt. Det beste med pingvinane er at dei ikkje er menneske. Det er lett å få godhug for skapningar som er nesten menneske. Det er så kjenslefylt – kanskje heiter det empatisk –  å kunna førestella seg at andre skapningar liknar på menneska, men heldigvis utan å vera menneske.

Menneske er vanskelegare å handtera. Dei er heilt like oss, og dermed kan dei kan vera fårlege.  Dei kan vilja noko, ynskja noko, og det på ein måte som kan truga oss. Dei kan til og med vilja freista lukka, vilja våga liv og lemer for å koma bort frå det som er vanskeleg, vilja ha eit godt liv. Dei er fårlege, dei menneska som må rymja for å få eit betre liv enn det dei har. Fullstendig vitlaust er det å leggja ut på havet i slike farkostar. Dei kan då ikkje oppføra seg som om dei er pingvinar, tru at dei kan klara seg både i vatn og på land. Får dei viljen sin, kan det gå utover oss, til og med råka levestandarden vår. Slikt er djupt urettvist, skræmande og knapt til å halda ut.

Nei, gjev meg pingvinar eller andre skapningar som liknar på oss menneske. Det er so lett å tykkja om slike skapningar. Det er nesten som om dei forstår at me menneska kan vera glade i dei. Men heldigvis er dei ikkje menneske. Det ville ha gjort alt vanskelegare. Då ville me ha mist kontrollen, ikkje minst over dei.

Ja, gjev meg skapningar som er litt like oss menneske, slike som er lette å verta glade i utan at det kostar oss all verda.