Ein vis mann
skal ha sagt at
me må gripa dagen
somme grip med
begge hendene
undrar på korleis
grepet er
når dagen
vert natt.
Ein vis mann
skal ha sagt at
me må gripa dagen
somme grip med
begge hendene
undrar på korleis
grepet er
når dagen
vert natt.
Nettene strekkjer seg som
døkke bruer
mellom dagane,
somtid som vinglete
hengjebruer,
somtid som markante
landemerke,
somtid som rusta
metallkonstruksjonar;
i all sitt mangfald
fører nattbruene ferdamannen
til den andre sida,
sender han ut i ukjent
daglandskap,
kviskrar løyndomsfullt
at dagen må fangast
om ein skal finna ei
ny natt.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.