Treet har sleppt ned
lauvhamen,
heile fasaden ligg spreidd
i ring rundt
det einslege, nakne
treet,
no visest greinbygnaden
nett slik han er,
heilt avkledd;
om hausten
kjem sanninga fram.
Lauvlaust tre
Legg igjen en kommentar
Eg likar
enkle, nakne ord,
dei søkjer innåt kvarandre
for å vera mindre åleine
saman,
dei stryk uventa tonar
på strenger med
ukjende stille,
dei fjasfrie, avkledde orda
skjer seg inn
i skoddegrått medvit,
festar seg innimellom
alt ordskrøyvet
som i eino veltar inn
i hausen,
korthogne, nakne ord
kan stå støtt,
lenge.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.