Stikkordarkiv: lukke

Etterpå

«Etterpå» seier me
når born skal læra seg
å venta med det som er
kjekt.

«Etterpå» tenkjer me
når me strevar oss gjennom
utdanning og læring
på veg til
eit vakse arbeidsliv.

«Etterpå» prøver me å unngå
når lukka er raus,
og dagane går som
ein leik.

«Etterpå» vonar me
når tyngslene tyner
tankar og kjensler,
og vegen kjennest
tung.

Men – kva kjem etter
etterpå?