Livstrådar møtest,
ofte og tilfeldig,
sviv innom
kvarandre,
dei fleste glid
forbi,
lèt knapt etter seg
spor,
nokre få fester seg,
for so å losna att,
ei hende gong
smyg trådane saman,
renning og innslag finn
kvarandre,
formar ein lagnadsvev.