Stikkordarkiv: livsbølgjer

Rutinar

Likar rutinar,
desse faste vanane
som rutar inn alt me gjer,
som legg føringar for
tankar og handlingar,
som hjelper oss gjennom
augneblinkar i halvsvime,
som får oss til å finna
fast grunn under føtene
når livsbølgjene romsterer
med oss.

Rutinar er
redningsvestar i kvardagen,
held oss flytande når bølgjer av
eruptiv spontanitet
truar med å skola
over oss.

Med alderen
kan me kalla oss rutinerte,
dei heldige av oss.

Share