Stundom trur eg at
eg er kunstnar,
har vorte skikkeleg god
i kunsten
å utsetja,
kvifor styra på med noko
ingen ventar på?
kvifor gje slepp
på gjerandsløysa
når eg kanskje
kan rydda i morgon
eller dagen etterpå?
den annsame lærer aldri
kunsten å utsetja,
men er kanskje kunstnar
på anna vis,
kanskje.