Stikkordarkiv: krig

Skremd, men ikkje fortapt

Eg er skremd over meg sjølv,
har vorte van med kvar dag å lesa
om krig nær meg,
har nesten gløymt sterke uro-kjensler
dei første dagane i
ein meiningslaus krig,
har nesten godteke at
slik er verda når nokon
får det for seg at
nabostatar er fårlege
når dei prøver å leva
som demokrati.

Eg er skremd over maktesløysa
som gjennomsyrer oss
der me prøver å skapa
normalitet i det unormale
og klarar det,
kanskje har det vore slik
heile livet,
me maktar å tilpassa oss
det meste,
einaste skilnaden er at
no har krigen flytta inn
på gardsplassen,
tidlegare var han på andre sida
av fjellet.

Det er grunn til å kjenna seg
skremd og uroleg,
men ikkje fortapt,
vegen framover er framleis
å støtta alle krefter
som vil fremja menneskesyn og samfunn
der einskildindividet har
rettar og plikter.

Skremd,
men ikkje fortapt.

Bakteppet

Kvar morgon når eg
opnar sansane mot livet,
ramlar eit gråsvart bakteppe
ned og
stengjer utsynet
mot ein blå himmel,
på bakteppet står det
med store bokstavar
KRIG,
det utenkelege ordet
kastar myrke skuggar
inn i kvardagsrøyndomen,
får meg til å tvila
på krafta i blåklokkene
som strekkjer seg mot
sol og varme,
får meg til å ynskja meg
attende til dei vårdagane
me opna armane for å
famna voner, tru og
samhald og
eit bakteppe med
ljose fargar.