Stikkordarkiv: kniks

Imaginær dans

På ei mørk scene,
i ljoskjegla,
sit ei einsleg spelekvinne,
scenestøv kvervlar rundt
henne,
fingrane på gripebrettet,
bogehanda og taktfaste føter
formar rytmiske tonar ut
i ein mørklagd sal,
innkapsla mellom alle
sit ein einsleg, aldrande figur,
med attlatne augo
kjenner han tonar og rytme
treffa sansane,
føtene rører på seg,
eit kniks med hovudet,
ei lita rørsle med overkroppen
markerer ein imaginær dans,
han drøymer seg attende
til ungdomskraft og
rørslepresisjon,
den gongen tankar og kropp
var ein dansande heilskap,

det trengst gode danseminne
for å gjennomføra ein
imaginær dans.