Du kan gjerne vera
ingenting
i deg sjølv
so lenge du er
nokon
for andre.
Mange nok er dei
som er store
i seg sjølve,
men som gløymer at
det trengst andre
for å vera
nokon.
Å vera nokon
Legg igjen en kommentar
Du kan gjerne vera
ingenting
i deg sjølv
so lenge du er
nokon
for andre.
Mange nok er dei
som er store
i seg sjølve,
men som gløymer at
det trengst andre
for å vera
nokon.
Eg svevar rundt
som ein liten sjøsprøytdrope
i ei eldrebylgje;
som åleine-drope er eg
ufarleg,
knapt til å ensa;
som bylgje-drope er eg
truande til å
drukna framtidssamfunnet
i endelaus trong for
omsorg.
Trygt å vita
at nokon lagar omsorgsrobotar
som kan handtera slike som meg,
som kan bjeffa til meg,
syngja til meg,
kle på meg,
fortelja meg når
eg skal ta medisin
og når eg skal
på do.
Skal tru om
omsorgsrobotane mine
vert laga i Korea, Japan
eller Kina?
Eg vil be om ein japansk;
då kan eg somna inn
om kvelden
til haikudikt
på originalspråket.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.