Stikkordarkiv: knekkprosa

Spitord og godord

Spitord strøymer lett
til tastaturet;
det er so mykje
som er rangt og skakt,
tankelaust og dumt.
Takksamt med
ironi-marinerte ord,
får alltid nokon til å humra,
andre til å flira.
Verre er det med godord,
fastnar lett på tunga,
kiler seg mellom bokstavane
på tastaturet,
gøymer seg i den
analytiske avstandsskuggen.
Godord er so nakne,
har so tunn hud,
er so redde for
å falla usedde
ned i ura.