Ord er aldri reine,
er aldri tomme,
smyg seg fram
i hopetal,
møter andre ord,
fer vidare,
skuvar,
knubbast,
kolliderer,
sårar,
gleder.
Ei hende gong
møtest ord og handling,
får kjenslestrenger
til å tona.
Utan ord var det meste
ingenting,
handling var berre
fakter.
Utan ord
Legg igjen en kommentar