Stikkordarkiv: himmel

Eg stal ein augneblink

Eg stal ein augneblink
av velvære,
augo kunne dra inn synet av
havet som forma
ein horisont
langt der ute
mot ein blå-disig himmel,
lydbiletet var fylt
av bølgjer som
skola mot land,
med ujamn rytme
og intensitet,
likevel til stades
heile tida,
malande som
ei kvern som har
endelaust med tid.

I dag melde ikkje Reuters
om missil-åtak
på Ukraina.

Augustskyer

På ein sommarblå himmel i august
svevar livlege vestavêrsskyer
i ein improvisert dans,
søkjer stundom saman,
for so å surra i veg
som små, viltre ungar,
best det er,
er dei borte,
har løyst seg opp
til ingenting,
dei har nådd målet sitt
i livet:
å koma seg heilskinna over fjella
og so gå i oppløysing
hjå austmannen.