Stikkordarkiv: gul-brun

Lauvfall

Utanfor vindauga mitt ser eg
fleire bjørketre,
dei fortel gjennom året
kva årstid me har

eitt av trea
har eg godhug for,
det får gule lauv
før dei andre,
det pyntar bakken med
gul-brune lauv
som om det vil
balansera den
frisk-grøne fargen
som dei andre gjer seg
til tals-tre for

om nokre veker står alle trea
like,
avkledde all lauvpynt,
ingen kan sjå at eitt tre
kledde av seg fyrst
og prisa fargemangfaldet.

Bjørka var grøn i går

Bjørka var grøn i går,
det er eg sikker på;
i dag vinka nokre gul-brune bjørkelauv
til meg,
det er eg like sikker på;
i nær framtid vil bjørka vera heilt
lauvtom og sevja
går i dvale,
det veit eg;
bjørka vil
enno ein gong
kunna gleda augo med
sprettande lauvpynt,
det vonar eg;
voner er det beste framtida
kan bjoda.