Det står mange gjerde der ute,
godt festa i jorda,
dei skal stengja ute,
skal hegna om alt som er
innanfor.
Som pustehol
står grindane,
inviterer lokkande
inn til
den løyndomsfulle verda
innanfor,
berre den som
er godkjend,
får koma inn.
Det har aldri vore
beint fram
å verta brukande
grindagut.