Stikkordarkiv: godstolen

Haustlukke

Det er haustlukke
å stilla seg med ryggen
mot ein nyfyra omn,
ana lyden av ved
som brenn med roleg
loge,
kjenna varmen breia seg
oppover ryggtavla
slik at skrotten trur
han er ledig og mjuk,

etter ei stund kan ein
finna godstolen,
drukna augo
i logane som smeikjande
fortærer vedkubbane,
varm i ryggen,
oppslukt av elden
trekkjer ein pusten
og prisar hausten
som på ny
gjev ryggtavla høve til
å kjenna på haustlukkevarmen
frå ein vedomn.

Share

Rett opp og ned

Sit rett opp og ned
i godstolen,
tankane berre flyg på sjølvstyr,
får sauestiren på ein keramikkvase,
eller kanskje er det ei krukke,
er i alle fall av keramikk,
laga av ein lokal kunstnar
frå Hardanger,
blå-grått mønster,
mine fargar,
det var ei gåve
for mange år sidan,
det var takk for hjelp,
tankane undrar på
korleis det går med den personen
som sende ei slik fin
takkegåve,
har ikkje so mykje kontakt
lenger,
tankane vert avbrotne av
lyden av siste sentrifugeringa
av ein klesvask,
det ligg til rette for
å gjera noko nyttig
i dag òg.

Share