Stikkordarkiv: gamaldans

Ungdomskjelda

Somme gonger les eg om folk på min alder eller yngre som gjerne vil stoppa aldringa. Dei gjer kva som helst for å halda på ein illusjon om å vera evig unge. Dei proppar i seg kjemikaliar eller legg seg under kniven for å sjå yngre ut enn dei er. Dei mest varsame nøyer seg med å utføra merkelege øvingar, eller dei tyr til uvanlege og uforståelege matvanar å kunna halda på den ungdomsresten som måtte vera att. Det er som om dei har gått til kamp mot sjølve livet, for  ikkje å seia til kamp mot naturen i alt sitt vesen. Strevet etter evig ungdom overgår den vesle fantasicella eg har fått utdelt, og det er greitt nok. Eg tykkjer tvert imot det er heilt i orden at me viser fram korleis me er, med det livet me har levt.

Då har eg meir sans for ein reportasje i ei lokalavis (sjølvsagt i Hallingdølen) med tittel «Har funne ungdomskjelda». Det viste seg å vera ei stor gruppe godt vaksne som brukte dans til å halda seg i form og dermed kjenna seg rimeleg unge, medan dei flytter kroppane rundt i rommet etter dansemusikk. Det er mange, både unge og gamle, som har funne ut at dans gjer godt på mange måtar.

Eg har stor glede av å betrakta dansarar på dansegolvet, uavhengig av alder og dansetype. Evna til å la musikken strøyma gjennom heile kroppen er ulikt fordelt. Slik er det berre. Som gamal dansespelar har eg sett eit stort mangfald av kroppsrørsler til musikk. Somme har rytme, dansedynt og kroppsbehersking so integrert i kroppsrørslene sine at det er ein fryd å sjå på. Dei bruker ikkje mykje eneregi, men lèt kroppen flyta med musikken og viser for all verda at dei stortrivst med å vera midt i musikken og danserytmen. Det ser so lett ut alt dei gjer, og gleda over å meistra lyser av dei.

Her om dagen var eg på ein gamaldansfestival. Stor steming og bra med folk. Orkestra var i hovudsak befolka av ungdomar, medan dei fleste dansarane var godt vaksne. Dei hadde ikkje problem, korkje med intensitet eller rundsnuar.  Dei «peiste pao», som gamle-Ola ville ha sagt det. Innimellom var det svært gode dansarar som beherska eit stort rørslerepertoar. Andre viste tydeleg at dei hadde lært grunndraga i dansinga. Dei konsentrerte seg sterkt om rørslene som skulle utførast, medan dei talde taktar. Atter andre bevega seg rundt i rommet; stundom slumpa dei borti takten. Felles for alle var den store dansegleda, og det er absolutt det viktigaste.

Slike gonger får ein tru på at det å dansa kanskje kan vera den beste ungdomskjelda for mange. I alle fall ser det sunnare ut enn kjemikaliebruk og operasjonar for å fiksa på utsjånad og kropp. Gjennom dansen bruker ein kroppen til noko som både gjev glede og betre helse. På denne festivalen prøvde eg dansefoten sjølv, innimellom dansespelinga. Det var kort og godt moro, etter gamalt. Eg kunne litt undrande konstatera at enno taklar eg trippel reinlendarsnu utan å «kodla» eller verta fullstendig øren. Meir skal ein ikkje krevja, men lata dans vera ungdomskjelde god nok.