Stikkordarkiv: før takten

Stendig på veg

Har ikkje ro
stendig på veg
til noko anna
noko nytt
noko ukjent
augneblinken no
var ferdig før
han starta
må vera budd på
det som kjem seinare
for det kjem noko
veit ikkje kva
og det må ikkje koma
uventa
det er som å dansa
litt før takten
ikkje mykje
men nok til å vera
i utakt
uroleg liv
vert det òg
sæl er den
som treffer dansetakten
og kan landa
augneblinken.

Share