Vårsola løyser opp
isbitar på
tunhella,
seint sildrar
to vasstrimer
over hella,
smyg seg bortetter,
teiknar figurar på
den grå flata
for so å finna
saman
før dei
tippar over
hellekanten
og blandar seg med
den veksande flaumen
av nytt, sitrande
liv.
Å finna saman
Legg igjen en kommentar