Stikkordarkiv: endestasjon

Møtande tog

Sjeldan går tida so seint
som når toget mitt
må venta
på eit møtande tog,
då kjennest det fysisk at
tida smyg seg fram som
ein snigel,

til vanleg skal det vera bra
å stoppa opp litt,
ta seg stunder til å
tenkja over livet, vêret og
lagnaden,
men ikkje når eg må venta
på eit møtande tog,
då krinsar tankane om
eit mogeleg faktum at eg
kjem for seint til
Oslo S,
endestasjonen,

som om det skulle ha noko
å seia,
ingen som ventar på
endestasjonen,
berre mange andre individ
som hastar av garde
med søkjande blikk mot
det som kanskje ventar,
ukjent før
det har hendt,

endestasjonen kom meg i møte
denne gongen òg,
eg glei umerkande inn
i folkehavet.

Togstasjonar

Livstoget tek seg fram
på skinnegangen,
duvar framover i fast rytme,
møter stendig
nye stasjonar,
passerer dei fleste,
det høver ikkje alltid å
stansa.

Ei hende gong
stoppar toget utanfor
stasjonen,
teknisk feil,
heiter det,
lèt seg ordna,
seiest det og
toget rullar
vidare.

Ein kunst, dette
å stansa ved dei
rette stasjonane,
å køyra forbi dei
med fargerik fasade,
men tome for innhald,
å sansa kvar du møter
det som gjev togreisa
innhald og meining.

Toget går og går,
ein stad der framme
ventar endestasjonen,
ingen veit kvar og når,
berre at stasjonen
finst.

Livstoget går og
går …