Stikkordarkiv: Elba

Klevaskfundering

DSC02419Eg har mange uvanar. Ein av dei er å verta oppteken av heilt uvesentlege ting. Sikkert difor eg fann meg so godt til rette i statsbyråkratiet. I desse dagar burde eg ha skrive noko opplysande om det mangslunge folke-eventyret om kommunar som skal til Sanner for å gjera seg robuste. Eg burde ha identifisert både troll og ordførarbukkar og -geiter. Eg burde ha analysert dei situasjonane der ordførar-bukkar og -geiter må gå over bruer med høge bompengesatsar og lang nedbetalingstid. Eg burde òg vist medkjensle med alle dei kjea som helst vil vera heime hjå morsgeita og ha det nett som i dag. Men gjer eg det? Nei då, i staden bryr eg dei minkande små grå med å fundera over noko so sært som eit foto av ein klevask på den italienske øya Elba. Foto vart teke i september 2015; 9. september for å vera heilt presis.

På veg gjennom byen kom eg over desse snorene med tilsynelatande to klevaskar. Nett det var det fyrste spørsmålet som slo meg: viser snorene klevasken til ei eller to hushaldningar? Etter uautoritativ detaljstudering har eg kome til at det er to separate hushaldningar. Snorene kjem m.a. frå kvart sitt husvære. Etter storleiken på kleda å døma tilhøyrer kleda på den nedste snora ein mann, ein som har sans for ljose sommarklede av same sort. Det er nok ein mannsperson som arbeider på eit kontor, sannsynlegvis eit offentleg kontor. Han har hengt noko som må vera underklede på baksnora, nett slik det står i boka om å hengja klede til turk der andre kan sjå dei. Akkurat desse kleplagga på baksnora kan tyda på at det er ei kvinne med i hushaldninga, men det knyter seg stor uvisse til ei slik tolking

Kleda på den øvre snora gjev inntrykk av ein meir fargerik person, kanskje. Noko som kan vera eit forklede, kunne tyda på at eigaren er ei kvinne. Men for all del, mange menn brukar forklede når dei skal visa for omverda at dei både kan lesa og forstå innhaldet i all verdas kokebøker. Og dei er ikkje få! Og dei andre kleda på snora tolkar eg som mannsklede, fyrst og fremst på grunn av storleik og tekstilmengd.

Fyrste gongen eg såg ei slik klesnor utanpå ein bygard, tenkte eg som den hardingen eg er, oppvaksen med store frukttre som kravde høge stigar, av og til skikkeleg høge stigar. Eg tenkte: her må dei ha høge stigar for å turka kleda sine. So forstod eg at det var eit sinnrikt snorsystem, meir som ein løypestreng å rekna. Eg hugsar godt korleis me brukte løypestrengen frå Slåtto på Haldorsbruket på Eidnes til å løypa turrhøy heim i tunet. Lyden av høybøra på løypestrengen kvein over heile grannelaget. Lyden minte om hylet frå ein gris som ikkje ville slaktast. Ein dump lyd markerte at børa datt av strengen. Desse kleturk-løypestrengene på sørlege breiddegrader fungerer sjølvsagt på ein heilt annan måte, dei er mykje meir sinnrike og fungerer perfekt i eit klima der kleturk sjeldan er eit problem.

Slik kan eg sitja og la ein uvesentleg observasjon gå over i frie assosiasjonar. Tankane surrar og går, og eg nyttar meg av den fridomen det er å vera sjølvstendig bloggeigar. Ein fornuftig redaktør hadde sjølvsagt stoppa heile teksten.  Og denne bloggfridomen bruker eg samstundes som ordførar-bukkar og -geiter stavrar rundt på måfå i ulendt terreng for å gjera seg robuste for Sanner. Ansvarslaust, vil nok somme seia, å skriva i slike tider om eit foto av kleturk. Men – so lenge stortingstrollet ligg i dvale og korkje har flekt tenner eller hytta med neven, har eg kome til at eg vil venta til dette trollet har vakna for alvor, dersom det då ikkje finn ut at robustferda skal sendast ut i open sjø på ein robåt, der det berre finst ei åre. Stortingstrollet er truande til litt av kvart.

Blogglistenhits

Ferdaminne-dørskilt

2015-09-11 09.42.34

Dørskilt i Poggio, Elba.

La det vera sagt med ein gong: det var ei svært vellukka reise. Kona og eg har nett gjennomført ein vandretur i framandt landskap på øya Elba i Italia. I ei veke vandra me saman med ei lita gruppe trivelege folk og ein framifrå reiseleiar, den blide, hjartevarme og dyktige Eja frå Prima Travel. Me traska og gjekk over skogkledde åsar, opp bratte steinparti mot høgder og fjell og på turstiar langs stranda ved Middelhavet. Om ettermiddagen kunne me bada i eit varmt og salt hav. Dagane gav nye, spennande og gjevande impulsar. Me fekk lada batteria, slik det skal heita i ei tid der me alle på eit eller anna vis skal vera batteridrivne.

Sjølv har eg ein uvane når eg er på reise; eg fell lett i eigne tankar når eg legg merke til folk som går forbi, eller ser vindaugo eller andre detaljar i bygningar. Tankane trengjer seg på: tru kva menneske er du? Korleis er livet innanfor dette vindauga, denne døra, i dette huset? Slik kan eg forsvinna inn i ei eiga verd, der eg fablar meg inn i fullstendig meiningslause fantasiar om andre menneske. Stundom må omverda bokstavleg talt dra meg ut av fabeltilstanden for å få meg til å forstå at no skal me faktisk koma oss vidare.

Ta til dømes dette dørskiltet (sjå foto) som me gjekk forbi i byen Poggio. Ei uvanleg kreativ utforming av skiltet «Vakta deg for hunden» sette tankane i gang hjå meg. Er det eit par, einsleg dame eller einsleg mann som bur der? Utemiljøet kunne tyda på at det ikkje bur ungar i huset. Det var for ryddig til det. Er menneska bak den tunge eikedøra berre kreative til utvendig bruk, eller lever dei kreative liv 24 timar i døgeret? Utrykkjer skiltet at her bur person(ar) med sterk sans for ironi, eller er det berre rein og skir skaparglede og -evne som ligg bak? Løyner det sprudlande skiltet ei mørk og tung personleg livssoge i det vesle husværet i den tronge gata i Poggio, denne vesle byen nordvest på Elba? Svar får eg aldri, og det passar meg godt. Eigenleg er eg oppdregen til å halda avstand til det ukjende, spesielt til personar som legg for dagen sterke ynske om å dela privatlivet sitt med andre. Eg minnest kva far brukte å seia når han møtte folk som med stor entusiasme la ut om likt og ulikt frå privat- og familielivet. «Dei manglar utedør», sa han, og det var ikkje positivt meint. Sjølv hadde han, til liks med andre i sin generasjon, både tjukk utedør og vid og høg mur rundt privatsfæren.

Me som er oppdregne til å setja pris på utedører både hjå oss sjølve og andre, kjenner oss stundom invaderte av opplysningar og detaljar som me slett ikkje er interesserte i, og som me heller ikkje hadde oppsøkt, dersom me hadde fått bestemma informasjonsflyten heilt og fullt sjølve. Det er truleg stendig færre som tenkjer slik. Det er nok meir vanleg å tenkja at me skal by på oss sjølve, som det heiter, og dermed vert det venta at me skal setja inn store, gjennomsynlege vindaugsruter i utedørene, fjerna gardinene i vindaugo og laga store opningar i privatsfæremuren. Eg kjenner meg litt hustren når eg tenkjer på det. Nei, la meg halda på både tett utedør og ein vid, litt høg mur. Der kan eg laga mine eigne førestellingar om korleis det kan vera bak slike dører og skilt som eg passerte tilfeldig forbi i Poggio. Og i det sjølvlaga universet som eg skaper bak døra og skiltet, risikerer eg ikkje å verta vonbroten over dei personane som faktisk bur der. På den andre sida, når eg tenkjer etter, ein ørliten titt hadde eigenleg vore spennande, om ikkje anna for å sjå kva hund som bur der.