I ei førjolstid der heile samfunnet siktar seg inn på ein gigantisk forbruksfest, kjem det fram nokre minne om korleis førjolstida kunne vera på 1950-talet. Ei viktig hending var når me hadde fått tak i den store bokkatalogen, der alle forlaga presenterte dei nye bøkene som kom om hausten. «Årets nye bøker», trur eg katalogen heitte. Heftet kom i posten til alle husstandane. I tillegg kunne me få katalogen på Dales bokhandel på Lofthus.
Det var ei lita feststund når eg kunne setja meg til med katalogen ei kveldsstund for å sjå alle dei spennande bøkene som kom på marknaden. Eg gjekk systematisk gjennom barne- og ungdomsbøkene og kryssa av dei bøkene eg ynskte meg. Vona var at far og mor skulle sjå kva bøker eg gjerne kunne tenkja meg. Det viktigaste slike stunder var å leita og finna titlar som såg spennande ut. Ein stor skilnad til dagens uhorvelege mengde med reklame som vert kasta etter ein i alle kanalar og alle plattformer, som det heiter. Og eg hadde nok betre oversyn over aktuelle bøker den gongen enn det eg har i dag, når all informasjonen truar med å overmanna ein med ei drukningskjensle.
Og når desembernostalgien fyrst melder seg, er det freistande å nemna den heimelaga adventskalenderen, ei appelsin med 24 innstukne stilkar av nellikkrydder. Meiner å hugsa at kombinasjonen kryddernellik og appelsin gav ein god duft i rommet, men det kan vera ynskjetenking. Appelsina var innturka dei siste dagane, men då var me mykje meir opptekne av dei siste førebuingane enn å rekna dagar på ei innturka appelsin.
Med dei avgrensa og enkle aktivitetane me hadde i barneåra, er eg temmelig sikker på at me klarte å skapa store forventningar fram mot joledagane. Det einfelte treng ikkje stå i vegen for forventningar og glede.