Stikkordarkiv: bylgjetopp

Årsbylgja

Året er som ei bylgje,
buktar seg framover
mot ei ukjend strand;
no på hausten
stig bylgja jamt
og trutt,
det vert brattare
og brattare
til eg når bylgjetoppen
ved nyttårsbel,
då går det utoverbakke,
ikkje lynraskt,
men jamt nedover,
i mai flatar alt
ut,
sommarstid er botnen
nådd,
før dei siste augustdagane
markerer at no går det oppover
mot ny bylgjetopp.

Årsbylgja buktar seg
framover,
år etter år,
på leit etter ei
strand
der alt roar seg,
til slutt.