Stikkordarkiv: brødtekst

små bokstavar

sutalaust å leva
som liten bokstav,
godt plassert i ein brødtekst;
dei er so mange,
dei små bokstavane,
passar på kvarandre,
der dei søkjer saman
i klynger,
gjev kvarandre plass,
satsar på fellesskap og
samhandling
for å senda meining
ut i den store
tekstheimen

greitt å halda avstand
til dei store bokstavane,
dei brikjer med
ovstor sjølvkjensle,
endå dei berre dukkar opp
her og der og
er meiningslause åleine

livet er i grunnen best
som liten bokstav
i lag med andre
små bokstavar,
– berre dei forstår
å innretta seg etter
min bokstav.