På soverommet står alltid
ein liten koffert,
oppi ligg
eit reint klebyte,
det gjeld å vera
budd,
alltid
når eg ein sjeldan gong
drøymer,
leitar eg etter ein
bortkomen koffert.
På soverommet står alltid
ein liten koffert,
oppi ligg
eit reint klebyte,
det gjeld å vera
budd,
alltid
når eg ein sjeldan gong
drøymer,
leitar eg etter ein
bortkomen koffert.
Ljoskjeldene fløymer fritt,
går heilt berserk
i mengde, fargar og
rørsler,
eg kjenner meg bortkomen
i møtet med det store
ljoshavet,
søkjer meg inn i
skuggen,
rettar augo mot
himmelen
og held meg til
månen.
This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.