Me søkjer, famlar
og stundar etter
den eineståande, avgjerande
stunda,
– den augneblinken
då alt skal kunna skje,
då alt ljos samlar seg i eitt
punkt,
– den augneblinken
me stendig overser,
der me stundeslause
hastar gjennom stundene
i jaget etter
stunda.
Ein må ha stunder
til å finna
stunda.
Stunda
Legg igjen en kommentar