Nokre gonger får eg spørsmål om kvifor eg enno bryr meg med å skriva nynorsk. Det er eigenleg heilt unødvendig i eit lite land som Noreg å halda seg med to skriftspråk som er so like. Det skaper unødig skilje mellom folk og er dessutan dyrt og ineffektivt for samfunnet, vert det sagt. Nynorsk er vanskeleg å læra, vert det også hevda. Skal ein nå fram med det ein skriv, er nynorsk ei hindring, fordi det er so mange som ikkje orkar å gje seg i kast med nynorske tekstar, er ein annan påstand. Ein gong for mange år sidan i ein uformell samanheng diskuterte eg nynorsk med ein dåverande statsråd. Vedkomande vona at det om nokre tiår ville vera slutt med nynorsk som eiga målform fordi det var svært upraktisk og eigenleg heilt unødvendig.
Kvar gong eg har forsvart nynorskbruken min, har eg vist til den kultur- og språkhistoriske grunngjevinga som me nynorskingar alltid dreg fram. Nynorsk som uttrykk for folkeleg språk, arven frå Ivar Aasen, nynorsk som språkleg uttrykk for dialektbakgrunnenen min, den aktive språkføringa med vekt på å bruka verb i formuleringar osv. osv.
Alle desse argumenta er vel og bra, men fyrst og fremst handlar språkbruken min om kjensler. Nynorsk var det fyrste språket eg brukte då eg skulle uttrykkja meg skriftleg. Nynorsk skriftspråk gav meg dei fyrste gledeopplevingane av å læra eit språksystem, av å meistra, av å kunna formulera meg slik at andre forstod. På nynorsk fekk eg dei fyrste og viktigaste rettleiingane om korleis språk kan forståast som system og brukast som meiningsberande instrument. Alle desse fyrste språkopplevingane på nynorsk har nok hatt meir å seia for språkvalet mitt enn eg har vore klår over. I tillegg skal sjølvsagt nemnast lærarar, frå barneskule til universitet, som understreka ulike kvalitetsdimensjonar ved nynorsk som språk.
So har det sjølvsagt vore ei medverkande årsak at eg som nynorskbrukar har fått merka frå omverda at eg tilhøyrer eit mindretal. Dette å måtta forsvara og rettferdiggjera språket sitt fordi ein er i mindretal, har tirra meg, har fått meg til å tenkja: pokker og, mi oppleving av kva som er godt og føremålstenleg språk, er like verdfull og rett som det andre måtte meina, som ikkje har hatt den same språkbakgrunnen som eg har hatt. Eit språkleg fleirtal har ingen rett til å nedvurdera mindretalsspråk. Kjensla av språkleg konfrontasjon og opposisjon har nok spelt ei større rolle enn eg har vilja vedgå.
No må ikkje dette tolkast som ei mobbehistorie der omverda heile tida har konfrontert meg med at eg er nynorskbrukar. Dei aller fleste eg har møtt, respekterer at nynorsk er eit fullgodt og likeverdig skriftspråk med all mogeleg eksistensrett. Likevel, ender og då viftar ein og annan språkfanden med hestehoven og sender direkte og indirekte meldingar om at snart bør me i dette landet kunna kvitta oss med nynorsk som eige skriftspråk. Det tirrar, irriterer og får fram motstandskjensla. Språk er so absolutt eit spørsmål om kjensler.
God morgon, Magne!
Endeleg har eg funne fram til bloggen din, og du som har halde på i årevis, så å seia!
Eg har inga motseiing, tvert om må eg -diverre – seia meg samd i tankane dine! Men det er eit spørsmål eg stadig kjem attende til meg sjølv med. Det er spørsmålet om normering av talemålet nynorsk. Eg tenkjer på Bjarne Slapgard, på sluggurtane i NRK – og lærar Helge Opedal med sitt nynorsk/ hardingmål. Påverka målet hans måten din å uttrykkja seg på?
God helg!
Oddmund
God morgon, Oddmund!
So kjekt å treffa på deg i nettheimen òg! Læraren min på barneskulen, Helge O. Opedal, er nok den som har påverka meg mest; ikkje so mykje med det normerte talemålet som han brukte, men meir med det han lærte oss om grammatikk og setningslære. Eg lærte eigenleg ikkje noko nytt om språkanalyse før eg kom på universitetet, og då forstod eg kor heldig eg hadde vore som hadde hatt Helge som lærar.